Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Bergen, Norway

Bærekraft Controller

Vil du jobbe med spanande bærekraftprosjekt ?
18.08.2024

Eide er eit familieeigd selskap og blant pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan hauste kvalitetsmat frå sjøen med lågast mogeleg fotavtrykk også i framtida. Eide er eit heilintegrert konsern frå rogn til slakteri med verksemd over heile Vestlandet. Berekraft og ESG står sentralt i vår strategi og me har ei rekkje spanande berekraftprosjekt retta mot å løyse mange av dei store utfordringane i næringa. Watermoon, vår eigenutvikla teknologi for lusefri produksjon skal redusere presset på vill laksefisk samtidig som me bidreg til betre fiskehelse og mindre dødelegheit. Salmon Zero er vårt karbonnøytrale lakseprodukt der me kompenserer for avtrykka i heile verdikjeda. Salmon Eye og Iris fokuserer på formidling av kunnskap om berekraftig sjømat gjennom inspirasjon og opplevingar. Samfunnet og våre andre interessentar stiller strenge krav og forventningar til oss og vår berekraftrapportering. I tillegg til frivillig rapportering etter GRI og utarbeiding av årleg klimarekneskap vil Eide verte omfatta av EU sitt berekraftdirektiv (CSRD) og EU-taksonomien frå 2025.


Rolla som ESG Controller i Eide                                                                                                                                   

Som ESG controller vil du ha ei viktig rolle for å implementere og følgje opp vår berekraftstrategi, gjennomføre ulike berekraftprosjekt og for konsernet si berekraftrapportering. Den ideelle kandidaten er ein strukturert og analytisk person med høg gjennomføringsevne og lidenskap for berekraftig matproduksjon.

Sentrale arbeidsoppgåver i rolla er:

  • Bidra til å utarbeide og implementere gode internkontrollrutinar og prosessar for berekraftrapportering.
  • Samarbeide på tvers for å integrere berekraft i forretningsdrift og prosessar.
  • Utføre analyser av påverknad, risiko og mogelegheiter innanfor ESG og berekraft.
  • Overvake og rapportere på KPI-ar knytt til berekraft.
  • Ta initiativ til og gjennomføre berekraftprosjekt innan til dømes energieffektivisering, avfallsreduksjon eller samfunnsengasjement.
  • Bidra inn mot internrevisjonar for å sikre etterleving av retningslinjer knytt til berekraft.
  • Bistå med innsamling, strukturering, kvalitetssikring og dokumentasjon av data til berekraftrapporteringa.
  • Ta ei aktiv og leiande rolle i gjennomføring og implementering av CSRD, EU-taksonomien og andre relevante standardar for rapportering.
  • Ansvarleg for utarbeiding av konsernet sitt årlege klimarekneskap, SBT-mål og Net-zero prognosar samt oppfølging av revisjonar knytt til klimarekneskap og karbonnøytral-sertifisering.
  • Gje opplæring og støtte om ESG-relaterte tema, regelverk og beste praksis.
  • Halde seg oppdaterte på ESG-trendar og reguleringar for å sikre at Eide set standarden.


Ønska Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innanfor berekraft og/eller økonomi.
  • Minimum 3 års relevant erfaring med berekraftrapportering og/eller finansiell rapportering.
  • Analytisk, strukturert og med god systemforståing og ferdigheiter i Microsoft Excel.
  • Erfaring frå ERP-system og ESG-system er ein fordel.
  • Erfaring med prosjektleiing eller frå revisjon er ein fordel.
  • God kjennskap til berekraftrammeverk som GRI, SASB, CSRD eller TCFD er ein fordel.
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk


Kva kan Eide tilby?    

I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Hos oss vil du få varierte og interessante arbeidsoppgåver, samt moglegheit for personleg og fagleg utvikling. Eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig. Me har konkurransedyktig løn, pensjons- og forsikringsordning. Du vil ha disponibel kontorplass i Bergen og ved hovudkontoret vårt i Eikelandsosen.


Søknadsinformasjon

Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen: 9.8.2024. Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med leiar for berekraft og økonomi Christoffer Marøy på christoffer.maroy@efb.no eller tlf 95 26 06 40.

Benefits with Us

Growth
We are growing, and you will have opportunities for learning and development
Carbon Neutral
You will join a carbon neutral company, dedicated to a more sustainable future
Flat structure
We support great ideas and have short decision-making processes
Fun
Our motto is "The most important thing is to have fun"
Family owned
We are passionate and have a long-term perspective

Eide

We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.


The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.


Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.


Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.


At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.


To learn more about us visit us at www.efb.no