Biologisk koordinator

Bli med å setje standarden for framtidas havbruk
18.05.2022

Om selskapet

Eide Fjordbruk ynskjer å sette standarden for framtidas havbruk. I tre generasjonar har familien Eide produsert laks og aure i vestnorske fjordar.

Me ynskjer at framtidige generasjonar òg skal kunna hausta frå havet. Innovasjon og berekraft er store satsingsområde. Eide har eit eige teknologiselskap som utviklar framtidas havbruksløysningar. Gjennom NorForsk driv me forsking på nye og berekraftige fôrråvarer. Til sommaren opnar Salmon Eye, eit spektakulært visningssenter i Hardangerfjorden. Dette er nokre av dei spennande felta me jobbar med og som biologisk koordinator vil du vera ein naturleg del av denne utviklinga.

Det er fisken som er kjernen av verksemda vår. I dag produsera me om lag 16 000 tonn laks og aure. Me har òg fleire settefiskanlegg. Det nyaste er Ænes Inkubator, eit moderne RAS-anlegg. Me er opptekne av kvalitet, og i 13 år på rad har me vunne EWOS sin konkurranse Vinn-i-Vest for framifrå produksjon for ulike fiskegrupper. Me følgjer fisken tett og samlar mykje data for å hjelpa oss til å stadig verta betre. Eit kvalitetsprodukt krev at me fokuserer på forbetring i alle ledd. Å synleggjera dei ulike forbetringsområda vil vera ein viktig jobb for ein biologisk koordinator.


Om rolla

Interesserer du deg i å følgje fisken gjennom heile livsløpet, frå rogn til slakt?  Som biologisk koordinator vil vera du ein nøkkelperson i teamet rundt produksjonen, samt få ansvar for å byggja opp og halda kontroll på dei ulike områda frå rogn til slaktefisk. Målet er å optimalisera produksjonsresultata, og sikra høg kvalitet i alle ledd. Gjennom di rolle i selskapet, vil du kunne vera med på å påverke og utvikle havbruksnæringa.


Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Overvake KPI’er innan biologi, produksjon og kvalitet på tvers av produksjonsledda
  • Analysering av biologiske resultat
  • Oppfølging av biologi og fiskehelse i felt
  • Assistere i dagleg oppfølging av produksjonen
  • Delta i produksjonsplanlegging og strategiar
  • Utøve sjekk og implementering av biosikkerheitstiltak internt og eksternt


Stillinga innfattar ein del reising mellom ulike avdelingar i bedrifta, så vel som til eksterne leverandørar. Du vil få ein unik moglegheit til å kjenna heile verdikjeda og folka som jobbar i den.


Kvalifikasjonar

Har du høgare utdanning innan akvakultur eller biologi, erfaring frå akvakultur eller anna relevant erfaring kan dette vera den rette jobben for deg. Du bør kunna beherska data og kunna nytta dette til å systematisera og analysera informasjon. Å kunna samarbeida på tvers av personar og fagfelt er óg ein viktig eigenskap.


Viktige kompetansar for å trivast i rolla:

  • Initiativ og ansvar: får ting til å skje og arbeider sjølvstendig
  • Gjennomføring: oppnå gode resultat
  • Systematisk tilnærming: er metodisk, planlegg, har klare prioriteringar
  • Analyse: forstår komplekse spørsmål og tar rasjonelle vurderingar
  • Konstruktivt samarbeid: deler kunnskap og erfaringar
  • Integritet: er ærleg, kan seier ifrå kva ein meiner
  • Effektiv kommunikasjon: presenterer og formidlar informasjon effektivt


Me tilbyr

Me meiner det er viktigaste er å ha det gøy, og hos oss  vil du komma inn i eit godt miljø med fokus på å nå mål, vera innovativ og resultatorientert. Du vil få faglege utfordringar og utviklingsmogelegheiter. Saman skal me setje standarden for framtidas havbruk. Me tilbyr ein fast stilling med konkurransedyktig lønn, forsikringar og pensjonsordning. For den rette personen vil det være svært store moglegheiter for utvikling.


Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg må du gjerne sende inn ein kort video der du fortel:

  • Kort om deg og din bakgrunn
  • Motivasjonen din for rolla
  • Kva dine styrker er inn i rolla


Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken, lena.bekken@efb.no,  tlf 913 16 623

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Eide Fjordbruk

I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt. Bedrifta har vore blant pionerane i næringa og vore med på å forma fiskeoppdrett til den suksessen me ser i dag.

Innovasjon og skaparkraft er framleis ei viktig drivkraft i det me held på med, og me jobbar kvar dag for å utvikle næringa me er ein del av. Me ser det som vår oppgåve å bidra til langsiktig og bærekraftig utvikling av lokalmiljøet, både for folk, fisk og natur.

Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida. Me har ein visjon om å setja standarden for framtidas havbruk, noko me arbeidar for kvar dag. Du kan lese meir om oss her: www.efb.no