Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Bjørnafjorden

Kvalitetsingeniør i Eide

Bli med å setje standarden for framtidas havbruk
23.08.2022

Eide Fjordbruk er eit familieeigd selskap blant pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk. I dette arbeidet er me avhengige av dyktige kollegaer som sikrar at me leverer kvalitet til ei kvar tid. No søkjer me etter ein kvalitetsingeniør som vil arbeide bredt i heile organisasjonen.


I Eide vil du vere med i utviklinga av næringa vår. I dag produsera me totalt 16 000 tonn laks og aure i året ved 3 settefiskanlegg og 12 sjølokalitetar. Me satsar óg på vekst gjennom teknologi og berekraft. Dette gjer at me har mange spennande initiativ på gang. Mellom anna nyttar me sensorar og data for å forbetre produksjonen. Me driv forsking på fôringrediensar, og har starta smoltproduksjon ved RAS-anlegget Ænes Inkubator. Til sommaren opnar Salmon Eye, eit spektakulært visningssenter i Hardanger. I tillegg har me eit eiget utviklingsselskap som finn morgondagens havbruksteknologi.


Me har fokus på kvalitet i alle ledd, og det har gitt resultat. Dei siste 10 åra på rad har dyktige kollegaer i Eide Fjordbruk vunne prisar for framifrå produksjon gjennom Ewos sin Vinn-i-Vest konkurranse. Dette er me stolt av, og i rolla som kvalitetsingeniør vil du vere viktig for at me fortsette tradisjonen. 


Om stillinga

Som vår nye kvalitetsingeniør vil du delta i eit bredt spekter av oppgåver. Du vil få ansvar og oppgåver innan dagens produksjon, men også involverast i vår teknologisatsing for framtidas havbruksløysningar. Målet er å sikre at me i Eide har dei strukturane, systema og prosessane på plass for å sikra kvalitet i alle ledd.

Hovudoppgåver inkluderer:

  • Kartlegge og vidareutvikla prosesser for produktutvikling og produksjon
  • Skrive og oppdatere prosedyrar
  • Sikre etterleving av sertifiseringar, standardar og lovkrav
  • Planlegge og gjennomføre revisjonar internt og eksternt
  • Utføre ekstern produksjonsoppfølging
  • Bidra til økt kompetanse rundt kvalitetsarbeid i organisasjonen


Ved behov vil du også bidra med kvalitetsfagleg kompetanse og bidra i andre delar av Eide-konsernet. Spesielt ved oppfølging av prosjekt og teknologisatsinga vår kan det vere aktuelt med reise og noko lengre opphald under byggefasen.

I rolla vil du rapportere til kvalitetssjef.


Kvalifikasjonar

Relevante kvalifikasjonar er

  • Utdanning og/eller erfaring innan kvalitetsarbeid i liknande rolle, fortrinnsvis innan industri eller akvakultur
  • Erfaring med arbeid i prosjektorganisasjonar eller produksjonsverksemder
  • Stor fordel med kjennskap til NS9415 og/eller ISO 9001


Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er:

  • Ein lagspelar: samarbeider godt med andre, deler erfaring og kunnskap
  • Initiativtakar: handlar på eiget initiativ, får ting til å skje, og tar ansvar
  • Ein gjennomfører: utfører planar og får gode resultat
  • Innovativ: finn idéar og løysningar, er utradisjonell
  • Analytisk: finn rotårsaka og tar gode vurderingar sjølv i komplekse sakar
  • Systematisk: strukturerer arbeidet og tar tydelege prioriteringar


Vi tilbyr

Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy». Det betyr at du vil komma inn i eit godt miljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Du vil ha påverknadskraft på framtidas havbruk, og vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid. 


Me kan tilby ein fast 100 % stilling. Hos oss vil du ha konkurransedyktige føresetnader, deriblant gode forsikringar og pensjonsordning. Eide er eit selskap i vekst, og for den rette kandidaten vil det være gode moglegheiter for utvikling i rolla. 


Hovudkontoret til Eide ligg i Eidestøa i Hålandsdalen, i Bjørnafjorden kommune. Det er 1,5 time køyring frå Bergen sentrum, og ca. 45-50 minutt frå Osøyro. Bjørnafjorden kommune er også ein flott stad å bu om du tenker på å flytte. Spesielt for friluftslivsinteresserte er området eit eldorado med både skog, fjell, og vatn full i fisk. Eikelandsosen ligg 10 minutt unna kontoret, og her finn du mellom anna treningshall, kjøpesenter, og tilbod for barn frå barnehage til vidaregåande skule.


Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg må du gjerne sende inn ein kort video der du fortel: 

  • Kort om deg og din bakgrunn 
  • Motivasjonen din for rolla 
  • Kva dine styrker er inn i rolla 


Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken, lena.bekken@efb.no, tlf: 913 16 623 eller kvalitetssjef Olav Tveitnes tlf: 901 95 645

For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider: www.efb.no

Eide Fjordbruk

We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.


The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.


Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.


Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.


At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.


To learn more about us visit us at www.efb.no