Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Eikelandsosen, Norway
Bergen, Norway
Fleksibel arbeidsplass

Personalsjef

Eide-konsernet søkjer etter deg med erfaring frå organisasjonar i vekst
12.02.2023

Eide-gruppa er ei solid tredje generasjons familieeigd akvakulturverksemd med visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Selskapa produserer årleg ca. 17 000 tonn høgkvalitets laks og aure, og me har fleire store satsingar der berekraft og teknologi står i fokus. På vår spanande reise har me med oss over 70 svært dyktige medarbeidarar og me er drivne av ein sterk kultur der folk, fisk, fjord og framtid står i sentrum. 

I rolla som personalsjef i Eide vil du vere heilt sentral i utviklinga av verksemda og i å forme vår veksande konsernstruktur. Du vil arbeide innan nyetableringar, teknologisatsing, internasjonalisering og berekraft. Rollen blir spanande òg utfordrande, og me søkjer derfor etter deg som vil være med å utvikle Eide konsernet og få det beste ut av alle dei flinke medarbeidarane våre .Saman skal me ruste organisasjonen for vekst, sikre gjennomføringskraft og endringskapasitet for å nå våre mål. I stillinga vil du: 


  • Vere sentral i strategiske vegval kva gjeld utvikling av organisasjon og konsernstruktur
  • Gjennomføre strategiske HR initiativ som understøttar forretningsmessige mål 
  • Fremme godt samarbeid i organisasjonen og etterleving av Eides verdiar
  • Ha ansvar for verksemdas leiarutvikling på tvers av selskapa i konsernet
  • Ha ansvar for verksemdas personalpolitikk og personalordningar
  • Ha prosessansvar og gje leiarstøtte i problemstillingar knytt til mellom anna personalhandbok, arbeidsavtalar, arbeidstid, organisasjonsendringar, personalsaker og sjukefråvær
  • Ansvar for gjennomføring av HR-årshjul
  • Følgje opp og sikre at HR-funksjon er oppdatert iht. gjeldande lov- og regelverk


For den rette kandidaten kan det óg vere aktuelt med ansvar for lønsfunksjonen i verksemda. Du vil ha disponibel arbeidsplass både i Bergen og i Eidestøa.


Kvalifikasjonar 

For å lukkast i rolla treng du solid leiarerfaring innan HR-funksjonen, og vore aktiv i oppbygging og skalering av organisasjonar tidlegare. Du har eit vidt spekter av HR-faget og evnar å arbeide både operativt og strategisk. Du har eit forretningshovud, og bidrar til gode avgjersle.

Me søkjer etter deg som byggjar relasjonar og samtidig kan ta dei vanskelege samtalane når det trengs. Du er lyttande, skjønar den sosiale dynamikken i organisasjonen og arbeider proaktivt med styrking av bedriftskulturen. Du har eit strategisk hovud og trivast med å leggje til rette for gode endrings- og utviklingsprosessar. Om du trivast best med mykje aktivitet, likar medverknad og å vere «tett på» verksemda vil du trivast godt hos oss. 


Me tilbyr 

Eide Fjordbruk har eit godt miljø, kjekke kollegaer der du får fagleg utfordring og utviklingsmogelegheiter. Du vil arbeide i eit selskap med store ambisjonar og potensiale. Me tilbyr fast stilling med konkurransedyktige vilkår, forsikringar og pensjonsordning.  

Du vil ha fleksibilitet i rollen med disponibel kontorplass både i Eidestøa og i Bergen, men med ønske om tilstedeværelse ved hovedkontoret i Eidestøa halvparten av ukedagene.

Hovudkontoret vårt er Eidestøa i Hålandsdalen. Det er ikkje lang reiseavstand til kommunesenteret Osøyro, og me har i dag fleire tilsette som er busett i Bergensregionen. Tenkjer du på flytting så er kommunen ein flott stad å bu. Området er eit eldorado for friluftslivsinteresserte med fjord, vatn, skog og fjell. Eikelandsosen ligg 10 minutt biltur unna kontoret vårt. Her finn du det meste av servicetilbod – mellom anna fleirbrukshall, kjøpesenter og tilbod for born og ungdom frå barnehage til vidaregåande skule. 


Søknadsinformasjon 

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. I tillegg må du gjerne sende inn ein kort video der du fortel: 

  • Kort om deg og din bakgrunn 
  • Motivasjonen din for rolla 
  • Kva er dine styrkar inn i rolla 


Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med Lena Bekken, lena.bekken@efb.no, tlf 913 16 623 

For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider: www.efb.no

Eide Fjordbruk

We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.


The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.


Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.


Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.


At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.


To learn more about us visit us at www.efb.no