Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Bergen, Norway
Eikelandsosen, Norway
Vestland, Norway

Automasjonsingeniør

Me satsar på ny teknologi, og styrkar laget innan automasjon
21.05.2023

I Eide satsar me på ny teknologi, og styrkar laget innan automasjon og elektro.

Gjennom automasjon vil me revolusjonera næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår og framtidas generasjonar. For å få det til treng me dyktige kollegaer med på laget.

Eide-gruppa er ei tredje generasjons familieeigd verksemd. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk, og har fleire satsingar der berekraft og teknologi står i fokus. Våre største forretningssatsingar hittil er på trappane. Saman skal me realisere draumen om å drive oppdrett på ein måte der ein beskyttar laksen frå lakselus, samlar opp slam og har ekstra barriere mot rømming. For å få det til treng me ein automasjonsingeniør med på laget.


Om stillinga

Som automasjonsingeniør hos oss vil du arbeide med høgteknologi innan havbruk. Du vil følgje teknologiutviklinga i næringa, og vere vår fremste spesialist på kontroll, overvaking og styring i vår WaterMoon-teknologi. Du vil delta i større prosjekt for nyvinningar, og bidra til å sikre god drift av verksemdas tekniske anlegg. Du vil vere eit viktig bindeledd i satsinga og bidra både i prosjekt- og utviklingsteamene rundt WaterMoon-teknologien. Stillinga rapporterer til leiar for automasjon og elektro. Saman skal me sette standarden for framtidas havbruk.


Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Delta i utvikling av nye og eksisterande produkt/løysingar
  • Ansvar for å leie og følgje opp underleveransar på automasjonsområdet knytt til teknologien
  • Engineering av kontrollsystem, inklusiv instrumentering og kommunikasjonsnettverk
  • Programmere PLS/Scada for overvaking, kontroll og måling av akvakultur i verksemdas teknologisatsingar
  • Delta ved oppstart og testing av nye system
  • Gje brukarstøtte og bidra til drift/utvikling i eksisterande system
  • Konfigurere og integrere programvare for innsamling, behandling og visualisering av akvakultur-data
  • Oppdatere teknisk dokumentasjon og prosedyrar for automasjon og Scada-programvare


Arbeidsstad

Du vil ha disponibel kontorplass både i Bergen og i Eidestøa i Hålandsdalen. Arbeidsstad vil i stor grad vere prega av dei prosjekta og behova som oppstår, og noko reiseaktivitet må derfor påreknast i stillinga.


Ynskte kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master i automasjon eller programmering, eller teknisk fagskule med relevant fagbrev
  • Erfaring med PLS, HMI og Scada løysingar
  • Relevant erfaring innan automasjon og produktutvikling, gjerne også erfaring med oppfølgjing av unerleverandørar
  • God kunnskap om parametersetting, oppstart og feilsøking av frekvensomformarar og instrumentering
  • God kommunikasjonsevne på norsk og engelsk


Det er òg ein fordel, men ikkje eit krav om du har:

  • Erfaring frå prosjekt/team leiing
  • Kjennskap til OT- og IT-strukturering
  • Erfaring med teknisk teikning
  • Kunnskap om følgjande protokollar/teknologiar: MQTT, Sparkplug B, OPC UA, Ignition, Codesys, Aveva/Wonderware, Unified Namespace


Personlege eigenskapar

For å lykkast i rolla er det viktig at du:

  • Er strukturert, sjølvstendig og ansvarsfull
  • Har god gjennomføringsevne
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper
  • Er engasjert og kreativ
  • Er innovativ og framoverlent


Me tilbyr

Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide kjem du inn i ei verksemd som vil og får til. Me tør å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.

Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy». Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett i Eide Fjordbruk vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.

Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning.


Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:

·    Kort om deg og din bakgrunn

·    Motivasjonen din for rolla

·    Kva dine styrker er inn i rolla


Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no tlf. 913 16 623

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Eide

We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.


The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.


Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.


Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.


At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.


To learn more about us visit us at www.efb.no