Enivest

Vi bringer verda nærare - Nett der du er!
Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av 20.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. Over 80 prosent av privatkundane våre har aksess via fiber, andre har aksess gjennom alternativ teknologi. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, telefoni- og WiFi-løysingar.

Nøkkeltall

56
tilsette
21.000
privatkunder
2.000
bedriftskunder

Fordeler hos oss

Personalrabatt internett og TV
Bur du innafor vårt dekningsområde dekker vi internett, og du får god rabatt på TV med Telia box.
Konkurransedyktig løn og vilkår
I tillegg til løn har vi kollektiv bonusordning, og gode forsikring- og pensjonsordningar.
Kjekke firmaturar
Kvart år reiser vi på helgetur - planlagt og regissert av ein hemmeleg blåturkomitè. Innimellom tek vi turen utanlands.
Godt arbeidsmiljø
I tillegg til å vere eit sterkt fagmiljø, er vi ein inkludarende gjeng som er opptekne av å ta vare på kvarandre.
Gode utviklingsmoglegheiter
Våre tilsette er vår viktigaste investering. Vi satser på folka våre, og oppfordrer til kurs og vidare læring.
Meiningsfull jobb
Vi er ein pådrivar for å utvikle lokalsamfunnet vårt, både med å bringe verda nærare, og ved å sponse lokale lag og aktivitetar

Ledige stillinger

FRONT.COMPANY_PROFILE.NO_JOBS

Om oss

Enivest har dei siste 22 åra vore gjennom ei spennande digital reise - og den er ikkje over enda.

 

Våre 56 tilsette jobbar hardt kvar dag for å profesjonalisere og utvikle selskapet vidare, og bringe betre tenester til våre 23 000 kundar.

 

Det opphavelege oppdraget til Enivest var å gje alle eit tilbod om internett. I dag er målet vårt å tilby høghastigheits breibandsnett i form av fiber. Tilgang til fiber er blitt ein føresetnad for å levere stabile og gode tenester.


Vi engasjerer oss sterkt i samfunnsutviklinga i nedslagsfeltet vårt - gjennom både sponsing og engasjement for ulike samfunnsnyttige initiativ.

 

Vår visjon: «Sterkare band» er vår leiestjerne, både blant tilsette, og til kundar og leverandørar. Vi har stor tru på at det å vere fagleg dyktig og nysgjerrig er ein god kombinasjon, og legg vi til høgt engasjement er dette ei god beskriving av vår organisasjon.

 

Vil du vere med oss på reisa vidare?