Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Sandane, Norge

Trainee

Den perfekte karrierestart
01.04.2024

Å vere trainee er ein perfekt start på karriera. SFE har vore traineebedrift heilt sidan 2004, og vi er partnar i Framtidsfylket Vestland - eitt av dei beste og mest omfattande traineeprogramma i Noreg.


Som trainee hos oss er du ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i lag med mange andre trainee'ar i andre verksemder i Vestland fylke. Du deltek på fagsamlingar der det er fokus på tema kring det å vere i starten av karriera, og du blir kjent med lokalt næringsliv. Du har ein fagleg mentor som følgjer deg tett i arbeidet ditt. Det varierer kva fagområde vi søkjer etter kvart år.


I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid. Skal vi lykkast med å demme opp for dei største klimaendringane, må verda, Noreg og vi som lokalsamfunn handle. Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Med utvikling av vass- og vindkraft, og elektrifisering, bidreg SFE til klimamåla. Og det skal vi gjere ved å forvalta naturressursar til det beste for felleskapet.


Vi har no to ledige traineestillingar, ein prosjektingeniør og ein kommunikasjonsrådgjevar. Begge stillingane ligg på Framtidsfylket og du søker via deira portal:


Vil du lese meir om traineeprogrammet, går du til Framtidsfylket. Søknadsfristen er 15. april 2024.

Sogn og Fjordane Energi