Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Prosjektleiar til nytt innovasjonsselskap

Vil du vere med å skape grøn utvikling?
12.02.2024

Vil du vere med å skape grøn utvikling?

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skapar den fornybare framtida, det er samfunnsoppgåva vår. I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.

 

Vi er i gang med å etablere eit nytt innovasjonsselskap, og søkjer ein erfaren prosjektleiar til teamet vårt.

 

Prosjektleiar i nytt innovasjonsselskap

Gjennom dette selskapet skal vi bidra til grøn, lokal næringsutvikling. Vi jobbar allereie med spennande prosjekt mellom anna innan hydrogen og biogass men vi søkjer stadig nye. Vil du vere med på laget? 

 

Som prosjektleiar vil du søke, drive og delta i ulike utviklingsprosjekt saman med dine engasjerte og dyktige kollegaer og ikkje minst eksterne samarbeidspartnarar. For å bygge relasjonar, det er du god på. Når du planlegg, koordinerer og gjennomfører prosjekt, kjem dine eigenskapar som strukturert og resultatorientert godt med. Du har god økonomisk forståing og kommersiell teft, for dette er prosjekt som skal gi verdiskaping både for selskapet og samfunnet rundt. Du er god på å styre arbeidet ditt i ein variert og hektisk kvardag, og  med din iver etter å lykkast har god kontroll på både budsjett og tidsplanar.

 

Du har relevant utdanning, erfaring i prosjektleiing, godkjennskap til prosjektleiingsmetodar. I tillegg har du sterk forståing og interesse for berekraftig utvikling. Du er ein lagspelar som både tek i mot og gir input med hensikt å styrke teamet og nå måla. Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike

bakgrunnar til å søkje. Vil du vere med?

Sogn og Fjordane Energi