Publiserar

Vil du vere med å byggje opp filmkatalogen på TV 2 Sumo i sommer??

Vi er på jakt etter fortrinnsvis studenter som leiter etter ein kjempegøy sommerjobb i Bergen og som er villig til å ofra den andre Korona sommaren.


TV 2 skal utvida sitt filmtilbud i digitale flater og  i den forbindelse trenger vi 2-3 nye medarbeidarar som kan bistå med redaksjonell tilrettelegging av eit

stort volum med filmar for publisering på TV 2 Sumo i sommar. Arbeidet vert utført ved  TV 2 sin publiseringsdesk i Bergen og vil bestå av å innhenta, bearbeida og registrera redaksjonelle metadata som bilete, beskrivelser m.m. Du vil inngå i eit team med engasjerte medarbeidarar som kvar dag strekkjer seg for å levera eit best mogleg produkt ut til våre kundar.


Vi trur at dette er ein perfekt jobb for deg som tar ei mediefagleg utdanning og som er på jakt etter å jobba mest mogleg i sommer. Arbeidet vil pågå fortrinnsvis på dagtid på kvardagar frå byrjinga av juni til ca medio august, og du må være innstilt på jobba mykje i denne perioden.


Du må vere språksikker og klara å produsera gode oversettingar og tekstar som er attraktiv for kundane våre. Du har eit godt auge for det visuelle, er kvalitetsbevisst og interessert i å bidra til å skapa gode brukeropplevingar. Du må evna å setje deg raskt inn i komplekse arbeidsflyter, og klara å holde fokus på detaljane sjølv når arbeidsmengda blir stor. Erfaring med Adobe Photoshop er eit stort pluss, og vi treng kanskje ikkje leggje til at det er ein stor fordel å vere lidenskapleg oppteken av film.


Spørsmål kring stillinga kan rettast til Leiar for Publisering og utspilling,  Hege Marie Kallestad 

Mobil: 93446432

Mail: hegemarie.kallestad@tv2.no