Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Aurland, Norge
Lærdal, Norge
Sogndal, Norge
Vik i Sogn, Norge
Balestrand, Norge

Prosjektleiar

Bli med å skapa den fornybare framtida!
16.06.2024

Ynskjer DU:    

  • ein arbeidsplass som er sentral for det grøne skiftet og som spelar ei viktig rolle i regional utvikling av Sogn? 
  • å auka din kompetanse og personlege utvikling? 
  • å jobba framoverretta med store satsingar i eit sosialt og produktivt arbeidsmiljø? 

Då er Sygnir arbeidsplassen for deg!  


I Sygnir jobbar me med det grøne skiftet i praksis. Me har oppdrag både å drifta og modernisera det brattaste straumnettet i Noreg. Som ein del av teamet i Nettutvikling vil du arbeida med prosjekt som har mål om å leggja til rette for utvikling, elektrifisering og auka bruk av fornybar energi i regionen.  

 

Arbeidsoppgåvene vil variera både i kompleksitet og omfang, alt etter spenningsnivå. Frå ansvar og leiing av prosjekt på eit meir overordna nivå, til teknisk faglege berekningar og analyser. Du vil leia både prosessar og menneske i denne rolla og slik få moglegheita til å byggja gode relasjonar og dela erfaringar med andre. Du bør vera løysingsorientert og proaktiv, då du vil ha ansvar for prosjekt frå oppstart til ferdig leveranse. 

 

Basert på di kompetanse, erfaring og interesse, vil me drøfta di rolle, ansvarsområde og personlege utvikling nærare. Nyutdanna vil òg vere aktuelle kandidatar og oppfordrast til å søkje, då me kan setja opp eit eigenkomponert kompetanseløp. 

 

Kvalifikasjonskrav  

  • Sivilingeniør eller ingeniør innan elkraft eller energi og miljø 
  • Erfaring frå nettutviklingsprosjekt er ein fordel 
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg 

 

Om Sygnir 

Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet som er ein drivkraft i Sogn. Her møtes natur og teknologi. Me har eit straumnett på om lag 2500 km og 14000 nettkundar. Arbeidsplass vil vera på ein av våre lokasjonar i konsesjonsområdet som omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik i Sogn. 


Interessert? For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar for nettutvikling, Helge Morten Vangen, på tlf. 951 72 599.   

Sygnir

Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?

Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 150 ihuga medarbeidarar.

Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.  Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi.

Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.