Sykkylven

Spesialist i allmennmedisin / lege i spesialisering

Vil du bli fastlege blant Nord-Europas vakraste alper?
Søk snarest

Spesialist i allmennmedisin / lege i spesialisering

Vi søker deg som er ein dyktig spesialist innan allmennmedisin eller du er LIS3 lege eller LIS3 lege og er under spesialisering i allmennmedisin. Du vil vere med å styrke legetenesta og helsetilbodet til innbyggarane i Sykkylven kommune og ser fram til å arbeide i eit kommunalt drive legesenter.

Vi søker etter deg som fastlege som vil bidra til å skape ein god og attraktiv arbeidsplass, med eit sterkt fagmiljø.

Vi har eit stort ønske om å legge til rette for fleksibel driftsform: næringsdrivande (8-2 modellen) eller du ønsker å vere kommunalt tilsett. Vikariat kan også bli aktuelt. Listelengd kan diskuterast, og vert vurdert ut frå kva modell du ønsker.


Arbeidsoppgåver:

• Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis ved legesenter med legevakt og eventuelt offentlege allmennmedisinske oppgåver.

• Det er låg deltaking i legevakt utanom ordinær arbeidstid grunna fast tilsette legevaktslegar ved interkommunal mellom Sykkylven og Stranda.


Kvalifikasjonar:

• Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon

• Fullført spesialisering i allmennmedisin, men legar under spesialisering i allmennmedisin vert også vurdert

• Førarkort klasse B


Personlege eigenskaper:

• Vi søker tålmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov

• Gode norskkunnskaper og god muntleg og skriftleg kommunikasjons- og framstillingsevne

• Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid

• Personlege eigenskaper vil bli vektlagt 


Vi tilbyr:

• Gode lønnsvilkår

  • Mulighet for bonus

• Moglegheit for å bidra til å bygge opp eit sterkt fag- og arbeidsmiljø

• Om du vel kommunal tilsetting vert tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:

  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar
  • Gode forsikringsordningar

• Som sjølvstendig næringsdrivande tilbyr vi ei gunstig leige inn i kommunalt drive legesenter

• Vi har Trinnvis som styringssystem ved legesenteret

• Tilgang til lån av syklar, el-syklar, ski og anna fritidsutstyr

• Legesenteret ligg samlokalisert med helsestasjon, barnevern, psykisk helse og rus tenester. Dette i gåavstand til både heimetenestene og omsorgssenteret i kommunen

 

Når det gjeld næringsdrivande vil avtaleheimel og tildelingsprosess vere regulert av til einkvar tid gjeldande lover, forskrifter, avtaleverk og lokale avtaler (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 44301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).

 

Tilsetting stad: Haugneset 20, 6230 Sykkylven.

 

Skaparglede er Sykkylven kommune sin visjon, og vi liker å tenke nytt. Derfor har vi gått i samarbeid med Sperre Rekruttering om headhunting av den beste fastlegen til oss. Har du spørsmål til stillinga eller ønsker å vise din interesse? Ta kontakt med vår kontaktperson, Eirik F. Sperre på telefon 92607988 eller e-post mailto:eirik@sperrerekruttering.no.

Vi ønsker at det vert oppgitt minimum to referanser, attester og vitnemål i søknaden.

Sykkylven kommune

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7630 innbyggarar. Vi ligg skulder ved skulder med Stranda og Ålesund. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skole, eit bredt og aktivt idretts- og kulturliv, eit framgangsrikt næringsliv, og ikkje minst det vi synes er det vakraste naturliv og fjellandskap hand i hand med ein langstrakt og vakker fjord.