Utspillingsprodusent, timetilsett

Vil du vere med på laget i eit av verdas mest moderne utspillingsmiljø?

Til TV 2 sitt utspillingssenter i Bergen er vi no på jakt etter 2 nye medarbeidarar, som elskar å jobba helg og kveld når mange andre har fri. Jobben består i å avvikla TV 2 sine direktesendingar på våre 8 lineære kanalar, samt styra avvikling av alle direktesendingar til TV 2 Sumo. Ein viktig del av jobben er å sikra feilfri utsending, følgja opp leveransar og påsjå at TV 2 overholder gjeldane reklamereglar. Jobben vert utført i eit kontrollsrommiljø som er bemanna 24/7 365 dagar i året. Du vil inngå i ei gruppe med svært kompetente medarbeidere som kvar dag strekker seg for å levera best mulig kvalitet ut til våre sjåarar og kundar. 

Arbeidsoppgåvene vil vere klargjering av sendelister, sørga for opptak av sendingar, avvikling av direktesendingar med mykje samhandling med TV 2`s øvrige avdelingar. Overvåkning og feilretting inngår som ein naturleg del av jobben, så det å vere god på problemløysing og ha ei passe dose teknisk innsikt og forståelse er eit krav. 

Vi meinar at dette er ein perfekt jobb for deg som studerer fjernsynsproduksjon, mediefagleg bakgrunn eller har IT teknisk kompetanse, som er på jakt etter ein deltidsjobb. Gjennom ei opplæringstid som fort strekkjer seg over 2-3 månader no i sommar må du pårekna å jobba mest mogleg, men behovet som skal dekkast framover vil fortrinnsvis vere helger og på kveldstid utover hausten. 

Du bør ha evne til å setje deg inn i komplekse arbeidsflytar og vere lærevillig. Det å vere god på å ha mange baller i lufta samstundes og evne sjå løysinger framfor problemer er ein viktig del av jobben. Du må evne holde fokus, vere strukturert, vere kvalitetsbevisst og detaljorientert. Du må evne å jobba godt i team, men også evne å ta sjølvstendige valg.


Kontaktperson for stillinga:

Leder for Publisering:

Hege Marie Kallestad

Hegemarie.kallestad@tv2.no

Tlf: 93446432