Øye

Hovmeister

Er du lidenskapeleg opptatt av mat og vin? Blir du motivert av å leie andre til å skape minnerike opplevingar?
Løpende

Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.


Som hovmeister har du ansvar for daglege rutiner i restauranten og skal vere med å utvikle vårt restaurantkonsept til nye høgder. Du er god til å lede andre og deler av din kunnskap. Som ein viktig del av vertskapet ved hotellet er du med å å få gjestar til å føle seg heime under opphaldet. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar. 


Vi søkjer ein person med utdanning innan hotell og restaurantbransjen og med erfaring fra tilsvarande arbeid. Du må ha stor arbeidskapasitet, god samarbeidsevne, samt vere ein god motivator for dine kollegaer.Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode opplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk både muntleg og skriftleg


Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.


Kontakt hotelldirektør Mariann Øye tlf. 977 43 455 for ytterlegare opplysningar.

Hotel Union Øye