Øye
Sunnmøre
Møre og Romsdal, Norge

Sommelier

Er du lidenskapeleg oppteken av mat og vin? Har du ein draum om å vere med på ei spanande reise?
Løpende

Vi søkjer deg som har ein draum om å vere med på ei spanande reise og som kan tenkje deg å vere med og bygge opp ein rikhaldig vinkjellar og sørge for deilige vinkombinasjonar til våre gjestar


Hotel Union Øye er ei familieeigd bedrift og ein del av 62NORD og Flakk Gruppen. Gjennom dei siste åra har vi investert betydelege midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62'breddegrad. Vi har sida opninga i 1891 vore reisas mål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av skadinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekfraftige og skreddersydde opplevingar til svært høg kvalitet for våre gjestar.


Hotel Union Øye er Noregs einaste hotell med medelmskap i den anerkjende hotelsamanslutaninga Relais & Chateaux.


Som sommelier får du vere med på å byggje opp ein vinkjellar å vere stolt av. Du må vere grunnleggjande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Viare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar.


Vi søkjer ein person med sommelierutdanning og geniuin lidenskap og kunnskap om vin. Viare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit geniueint ynskje om å skape gode drikkeopplevingar for gjestane. Alle søkjarar bør snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk skriftleg og munnleg.


Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad og tilbyr løn etter avtale.


Ta kontakt med hoteldirektør Mariann Øye, 977 43 455 eller F&B Manager Mose Medizza 477 59 552 for ytterlegare informasjon eller spørsmål.


Søknadar vert vurdert fortløpande.

Hotel Union Øye